HUGS FLÅTTSJEKKEN- FLEIRE GONGER! For 3. gong dette sommerhalvåret viste ein pasient, som kom for noko anna, meg ein liten svart prikk i huda, 1-2 mm stor. Då var det fram med Dermatoskopet , hudlegens stetoskop, det forstørrer x10, og her er karen , skogflått, i nymfestadiet. Godt festa ned i huda i ferd med å auga blod. Desse er rekna som dei mest smittefarlige og dei er små og vanskelege å sjå. Så difor når ein har vore i flåttområde, sjekk huda same kvelden og også neste dag, då aukar sjansen for fangst. Ein god dusj etter turen er viktig i denne sammenheng fordi flåtten då ofte ikkje har festa seg og forsvinn ned i sluket. Denne pasienten hadde vore i skogen 2 døgn før konsultasjon så flåtten har nok hatt litt tid til å få i seg blod, den har auka i størrelse og blitt meir synleg. Moralen er: hugs Flåttsjekken, samme dag , og 1 og 2 dagar etterpå. . Vert flåtten fjerna innan 1 døgn er det svært liten sjanse for Borreliasmitte. Her oppstod ikkje noko ringforma utslett som breier seg utover, også kalt Erythema Migrans, så her var det ingen smitte av Borreliabakterien og ikkje naudsynt med antibiotikabehandling. God info om flått og flåttsjukdomar finn ein på flåttsenteret.no som er vårt Nasjonale Kompetansesenter for Flåttbårne Sykdommer. Hudlege Helge Danielsen www.hudlegedanielsen.no